top of page

Samtaleterapi    Parsamtalar    Pårørandesamtalar    Råd og rettleiing    Leiar- og HR- støtte    Kurs/ undervisning   Ekspertbistand

Mitt formål:

  • Hjelpe menneske til å sjå sin verdi og tru på eigne evner.

  • Gi verktøy for å kjenne overskot og meistring.

  • Bidra til at menneske våger den vanskelege samtalen.

  • Hjelpe bedrifter og organisasjonar i sjukefråværsarbeid, til konfliktløysing og positiv samhandling.

Om meg

Om meg

Eg heiter Sigrun, er gift med Oddgeir og mor til tre vaksne gutar.

​

Gjennom åra har eg utdanna meg til spesialsjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, relasjonsterapi, organisasjon, leiing og samhandling.

 

Like mykje som den formelle kompetansen min, har det personlege livet gitt meg verdifull læring og erfaring gjennom eige stress og helseutfordringar.
​
Erfaringa mi er at det går an å få det betre, at det kan vere lurt å be om hjelp, og at det er stort mot i å våge å vere sårbar.

​

Dette har gjort meg særleg opptatt av å sjå, høyre, anerkjenne og hjelpe menneske der dei er. Hjelpe dei til å sjå sin verdi, tru på eigne evner, kjenne overskot og meistring.

​

Eg har etterkvart over 20 års erfaring gjennom arbeid med menneske i sårbare fasar i livet, og ønsker du hjelp, vil eg gjerne vere din trygge medvandrar og samtalepartnar.

Sigrun Alvsvåg, spesialsjukepleiar og samtaleterapeut
Mine tenester

Mine tenester

SAMTALETERAPI

Er livet eit ork?

Slit du med tunge tankar, angst, depresjon, dårleg sjøvbilde, skam?

Har du vanskar i relasjonen til deg sjølv eller andre?

Har du gått på ein "smell", blitt utmatta og slit med å få livet til å henge saman?

Opplever du sorg over å ha mista nokon eller at livet ikkje blei som du hadde tenkt?

​

Eg hjelper deg til å

få ny tru på deg sjølv, eit betre sjølvbilde, 

oppleve meistring, glede og auka sjølvrespekt.

PARSAMTALAR

Har du og din kjære slutta å snakke saman?

Er det mykje krangling?

Lite kommunikasjon?

Er det vanskeleg å forstå kvarandre?

Har gnisten døydd ut?

Lurer du på om det er verdt å fortsette forholdet?

Har det vore svik, dobbeltspel eller løgn?

​

Eg vil hjelpe dåke å finne ein god veg vidare. 

​

PÅRØRANDESAMTALAR

Har  du ansvar for kjære og nære som er sjuke, har det vanskeleg, krev oppfølging, er utfordrande å forhalda seg til?

Er du redd for å mista nokon av dine?

Slit du med å finne di rolle, din plass og ditt ansvar?

Er du sliten av bekymring og å ikkje strekke til?

​

 Eg hjelpe med å sortere i ansvar og roller

​


RÅD OG RETTLEIING

Står du i ein vanskeleg livssituasjon? 

Er du i konflikt og rådvill?

Har livet blitt for uoversiktleg og komplisert?

Slit du i jobben?

Er du sjukmeldt?

​

Eg vil hjelpe deg å sortere og finne beste verktøy og løysingar, for at du kan komme vidare der du står fast.

​

LEIAR- OG HR- STØTTE

Er du leiar og strevar med å handtere vanskelege saker?Kjenner du det utfordrande å vera leiar?

Har du slitsomme prioriteringar?

Er det konfliktar i arbeidsmiljøet?

Krevjande tilsette?

Høgt sjukefråvær?

​

Eg hjelper deg å rydde i prioriteringar, gir deg råd for den vanskelege samtalen, og har gode grep for å redusere sjukefråværet.

KURS/ UNDERVISNING

Treng du inspirasjon, opplæring eller påfyll på din arbeidsplass, i din organisasjon eller forening?

Treng du eller teamet ditt å lære om;

  • psykisk helse

  • psykososialt arbeidsmiljø

  • stress og meistring

  • kommunikasjon og samhandling

  • konflikthandtering?

​

Eg vil gi kunnskap og ny læring utfrå ønska behov og bestilling

  • inspirere

  • utfordre

  • følge opp

EKSPERTBISTAND

Treng du som arbeidsgivar og arbeidstakar hjelp til å finne løysingar for å komme vidare når det er hyppig og/ eller langvarig sjukmelding, eller fare for dette? 

​

Partane i eit arbeidsforhold gjer ofte mykje bra for å finne gode løysingar, men på eit tidspunkt kan det stoppe opp, og ein treng å få inn anna kompetanse for å komme vidare. 

Ekspertbistand er ei kostnadsfri teneste for arbeidstakar og arbeidsgivar, finansiert via NAV og ein del av IA-avtalen. Tilbydaren/ eksperten er ein nøytral part med relevant kompetanse, som bistår og kartlegg bakgrunn for sjukefråværet og ser på muligheiter og løysingar for at arbeidsforholdet skal fungere best mogleg framover. I nokre tilfelle kan andre arbeidsoppgåver eller ein ny arbeidsstad være eit alternativ.

​

Eg er godkjent som tilbydar/ ekspert av NAV, har kompetanse på sjukefråvær og arbeidsmiljø, og vil hjelpe med å avdekke moglege årsaker til sjukefråværet, og føreslå tiltak som gjer at den tilsette kanskje unngår å bli sjuk igjen, og/ eller kjem seg raskare tilbake.

​

Ta gjerne kontakt for utfyllande informasjon.

Her kan du også lese meir:

​

https://www.nav.no/ekspertbistand

https://www.nav.no/arbeidsgiver/ekspertbistand

Kontaktinformasjon og booking

Ønsker du ein time? Bestill via bookingsida mi:

​

​

​

​

​​​​

 

Åpningstider frå august 2024:

Mandag:   12.30 -15.00

Tirsdag:     09.00 -16.00

Onsdag:    09.00 -15.00

Torsdag:    09.00 -15.00

​Ettermiddag og  kveld etter nærare avtale.

​

Ei hand å halde i når livet er tøft

Sigrun Alvsvåg

-Spesialsjukepleiar og samtaleterapeut-

Bankbrekko 22, 5430 Svortland

(NEMUS Bømlo sine lokaler)

​

sigrun.samtaleterapeut@gmail.com

​

www.sigrun-samtaleterapeut.no

​

+47 93 61 89 59

​

​

Alvsvåg rådgjeving og undervisning

Org.nr: 916 506 880

Prisar 2024:

  890 kr.  1 time (60 min.) samtale

1100 kr.  1,5 time (90 min.) samtale

© 2035 by Modern Mindful Therapy. Powered and secured by Wix

bottom of page